Hopp til innhald

Novorossijsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Novorossijsk
Новороссийск
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Krasnodar kraj
Høgd 20 m
Areal 81,1 km²
Folketal 261 973 (1. januar 2025)[1]
Grunnlagd 1838
   Bystatus 1866
Postnummer 353900–353925
Retningsnummer (+7) 8617
Kart
Novorossijsk
44°43′00″N 37°46′00″E / 44.716666666667°N 37.766666666667°E / 44.716666666667; 37.766666666667
Wikimedia Commons: Novorossiysk

Novorossiysk (russisk Новоросси́йск; tsjerkessisk Цӏэмэз, Ts'emez) er ein by sør i Russland med den største russiske hamna ved Svartehavet i Krasnodar kraj. Han er ein av få byar som i Sovjetunionen fekk tittelen helteby. Byen har om lag 260 000 innbyggjarar.

I antikken låg det ein gresk koloni kalla Bata ved breidda av Tsmessbukta som spesialiserte seg på kornhandel. Han er nemnd i verka til Strabon og Ptolemaios. Genovesiske handelsmenn frå Ghisolfi-familien opprettheldt ein handelsplass her i mellomalderen.

Sidan 1722 vart bukta kommandert av den osmanske festninga Sujuk-Qale eller Soğucak. Etter at kysten her vart avstått til Russland i 1829 etter den russisk-tyrkiske krigen grunnla admiralane Mikhail Lazarev og Nikolaj Rajevskij ein austleg base for svartehavsflåten i 1838. Han vart kalla opp etter provinsen Novorossija og hamna vart ein viktig del av kystforta kalla Svartehavslinja, som strekte seg sørover til Sotsji.

På det meste av 1800-talet utvikla Novorossisjk seg raskt og vart hovudstaden i Svartehavet gubernija, det minste i Det russiske riket, i 1896. Frå 26. august 1918 til 28. mars 1920 var Novorossijsk det viktigaste senteret for Denikin sin kvite arme og den kortvarige republikken Novorossija. Mange av dei kvite rømde frå Novorossijsk til Konstantinopel.

I 1942 vart byen okkupert av tyske Wehrmacht, men ei lita eining sovjetiske sjømenn forsvarte ein del av byen kalla Malaja Zemlja i 225 dagar, før han vart frigjeve av den raude armeen den 16. september 1943. Det heroiske forsvaret av hamna av ei sovjetiske sjømennene gjorde at dei hadde kontroll over bybukta og dermed hindre tyskarane i å nytte hamna til laste i land forsyningar. Novorossijsk fekk for dette tittelen helteby i 1973.

I 2003 signerte president Putin eit dekret for å byggje ein ny marinebase for svartehavsflåten i Novorossijsk.

  1. Численность постоянного населения Российской Федерации по муниципальным образованиям на 1 января 2025 года (på russisk), Moskva: Rosstat, 25. april 2025, Wikidata Q133797648, arkivert frå originalen 26 April 2026

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Novorossijsk