Nowhere to Run

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nowhere to Run
Singel av Martha and the Vandellas
frå albumet Dance Party
B-side «Motoring»
Utgjeve 10. februar 1965
Innspelt Hitsville U.S.A. (Studio A); 21. oktober 1964
Sjanger Pop, soul
Lengd 2:48
Selskap Gordy

G 7039

Låtskrivar(ar) Holland–Dozier–Holland
Produsent Lamont Dozier, Brian Holland
Martha and the Vandellas-kronologi
«Wild One»
(1964)
Nowhere to Run «You've Been in Love Too Long»
(1965)


«Nowhere to Run» er ein popsong frå 1965 av Martha and the Vandellas, gjeve ut for Gordy (Motown) og ein av signaturlåtane til bandet. Songen er skriven og produsert av produksjonsteamet til Motown, Holland–Dozier–Holland, og skildrar ei kvinne som er fanga i eit dårleg forhold med ein mann ho uansett elskar.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Holland-Dozier-Holland og Funk Brothers gav songen ei stor, hardt drivande instrumentering som minna om den tidlegare singelen «Dancing in the Street».

Songen kom ut på det tredje albumet deira, Dance Party og singelen nådde åttandeplassen på Billboard Pop Singles-lista og femteplassen på Billboard R&B Singles-lista.[1] Songen nådde òg 26. plassen på lista deira i Storbritannia. B-sida til singelen var «Motoring».

Versjonen deira vart rangert på 367. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[2]

The Dynamic Superiors spelte inn ein discoversjon av songen i 1977.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 378. 
  2. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Henta 4. august 2016.