Nuba i Hebron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nuba
نوبا
kommune
Namneopphav: tyder truleg «ein topp»[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°36′25.96″N 35°02′12.24″E / 31.6072111°N 35.0367333°E / 31.6072111; 35.0367333
Folketal 4 336  (2007)
Kart
Nuba i Hebron
31°36′26″N 35°02′12″E / 31.607211111111°N 35.036733333333°E / 31.607211111111; 35.036733333333
Wikimedia Commons: Nuba, Hebron

Nuba (arabisk نوبا) er ein palestinsk landsby som ligg 11 kilometer nordvest for Hebron. Landsbyen høyrer til Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde landsbyen eit folketal på 4 336 i 2007.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen er nemnt seint på 1300-talet i eit dokument av mamelukk-sultanatet som styrte Palestina frå Kairo, der tre landsbybuarar er kalla «ar'ru'asā (leiarane) i landsbyen Nūbā».[3]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Nuba vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i skattelista frå 1596, landsbyen oppført i skattelister som ein del av i Halil nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 82 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, vindruer og frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[4]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Nuba som «ein liten landsby oppå ein låg ås, med ein brunn kring 1,5 km mot aust.»[5]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922 hadde Nuba' 357 innbyggjarar, alle muslimar.[6] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 til 611 muslimar, i 140 hus.[7]

I 1945 var folketalet i Nuba 760 arabarar, som eigde 22 836 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 403 mål var plantasjar og irrigert land, 10 116 for korn,[9] medan 33 mål var utbygd (urbant) land.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s. 405
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 118.
  3. Singer, 1994, s. 36.
  4. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 124
  5. Conder og Kitchener, 1883, SWP III, s. 309
  6. Barron, 1923, Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10. .
  7. Mills, 1932, s. 33
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]