Numedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Numedalslågen. Mykstufoss ved Veggli i Numedal.

Numedalen (lokalt ofte uttala Nomedal), er ein av dei tre sentrale dalane i Buskerud fylke. Dalen kan reknast frå Rødberg eller frå Tunhovdfjorden, og strekkjer seg ned til Kongsberg. Dalføret etter Kongsberg ut mot Larvik er oftast kalla Lågendalen. Numedalslågen er hovudåra i dalen.

Numedal tel kommunane Nore og Uvdal, Rollag, Flesberg og Kongsberg, tidlegare Øvre Sandsvær. Bygdene i dalen, rekna nedetter, er Rødberg, Veggli, Rollag, Svene, Lampeland og Flesberg.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.