Numedalslågen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Numedalslågen
elv
Numedalslågen. Mykstufoss ved Veggli i Numedal.
Land  Noreg
Fylke Buskerud, Vestfold
Nedslagsfelt 5 554 km²
Renn gjennom Dagali, Kongsberg, Larvik
Lengd 352 km
Kjelde Hardangervidda
Munning Larvik
Kart
Numedalslågen
59°02′15″N 10°03′20″E / 59.0375°N 10.0556°E / 59.0375; 10.0556
Wikimedia Commons: Numedalslågen
Labrofossen i Øvre Sandsvær
Foto: Mahlum
Lågen ved Komnes.

Numedalslågen er med sine 352 km ei av Noregs lengste elvar. Elva har utspring på Hardangervidda og renn derfrå gjennom Sæterdalen til Dagali, vidare nedover Numedal til Kongsberg, og derfrå ned til Larvik, der elva renn ut i Skagerrak. Elva er regulert ved Rødberg, Nore og Uvdal.

Numedalslågen vart tidlegare nytta til tømmerfløyting. Strekninga frå sjøen og opp til Hvittingfoss har laks og sjøaure. Numedalslågen er av dei betre lakseelvene i Noreg. På den nedre delen av elva blir det tradisjonelle flåtafisket framleis halde i hevd. Denne tradisjonen er kjent 500 år tilbake i tid.

Sommaren 2007 hadde Numedalslågen ein storflaum, som førte til relativt store øydeleggingar langs heile vassdraget. Vassføringa var minst 5 meter høgare enn vanleg i Juli.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Numedalslågen