Nutsa Buzaladze
| Nutsa Buzaladze | |||
| | |||
| Fødd | 28. januar 1997 (29 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Tbilisi | ||
| Fødenamn | Nutsa Buzaladze Mal:Lang-ka | ||
| Opphav | Georgia | ||
| Aktiv | 2011– | ||
| Verka som | songar | ||
Nutsa Buzaladze [a] (fødd 28. januar 1997 i Tbilisi), nokre gongar kjend mononymt som Nutsa, er ein georgisk songar og låtskrivar. Ho representerte Georgia i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Firefighter».
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Buzaladze blei fødd i Tbilisi, men vaks opp i Tyrkia.[1][2] Frå ho var 5 opptredde ho som ein del av ei barnegruppe, og var seinare hovudvokalist og gitarist i eit anna ensemble. Ho byrja å ta pianotimer då ho var 8 år gammal.[3]
Buzaladze har budd i Los Angeles, der ho fekk musikalsk erfaring, og Dubai, som blei den faste bustaden hennar frå og med 2024.[1][4]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Buzaladze byrja solokarrieren sin i 2011, då ho deltok i Georgia's Got Talent. I 2014 fekk ho internasjonal merksemd då ho representerte Georgia i, og vann, New Wave Music Festival som blei halden i Jūrmala i Latvia. I løpet av dei påfølgjande åra deltok ho i The Voice of Turkey, Two Stars Georgia og dei georgiske versjonane av Your Face Sounds Familiar og Skal vi danse. Ho har samarbeidd med den tyrkiske songaren Hadise, som også var mentoren hennar i The Voice of Turkey.[1][5]
I 2017 gav Buzaladze ut songen «White Horses Run», som ho blei nummer to med i den georgiske nasjonale finalen for Eurovision Song Contest 2017.[6] I 2019 ga Buzaladze ut debutalbumet sitt Nutsa22, som inneheld cover av georgiske songar og originale engelskspråklege komposisjonar; dette blei etterfølgd av gjennombrothitten hennar «Gelodebi».[4] Kort tid etter gav ho ut ein vellykka singel i Russland.
I 2020 og 2021 deltok Buzaladze i den russiske versjonen av All Together Now.[1] Ho opptredde på Expo 2020 i Dubai, i tillegg til på Dubai National Theatre og Dubai Opera.[1][4] Ho deltok i kategorien «International Artists» i den albanske songtevlinga Kënga Magjike 2021, der ho enda på fyrsteplass. Ho deltok i den 21. sesongen av American Idol i 2023, kreditert mononymt som Nutsa, og enda blant dei 12 beste.[4][5][7]
Den 12. januar 2024 blei Buzaladze kunngjord som den georgiske representanten i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.[4] Songen hennar «Firefighter», som ho skulle delta i Eurovision med, blei gjeven ut 11. mars 2024.[8] I Eurovision Song Contest kvalifiserte ho seg til finalen og enda til slutt på 21. plass med 34 poeng.[9]
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 «About». nutsaofficial.com (på engelsk). Arkivert frå originalen den 12. januar 2024. Henta 12. januar 2024.
- ↑ Makhija, Sukriti (26. februar 2023). «Which singing competitions has Nutsa participated in? Meet the American Idol 2023 contestant». Sportskeeda (på engelsk). Arkivert frå originalen den 18. januar 2024. Henta 18. januar 2024.
- ↑ «ნუცა ბუზალაძე საქართველოს 2024 წლის ევროვიზიის სიმღერის კონკურსზე წარადგენს» [Nutsa Buzaladze will represent Georgia at the Eurovision Song Contest 2024]. 1TV (på georgisk). GPB. 12. januar 2024. Arkivert frå originalen den 12. januar 2024. Henta 13. januar 2024.
- 1 2 3 4 5 «International Idol Nutsa Buzaladze to represent Georgia». Eurovision.tv (på engelsk). European Broadcasting Union. 12. januar 2024. Arkivert frå originalen den 12. januar 2024. Henta 12. januar 2024.
- 1 2 Trasatti, Ruben (12. januar 2024). «Eurovision 2024: per la Georgia Nutsa Buzaladze da American Idol» [Eurovision 2024: Nutsa Buzaladze from American Idol for Georgia]. Eurofestival News (på italiensk). Arkivert frå originalen den 12. januar 2024. Henta 12. januar 2024.
- ↑ «Georgian Selection 2017». Eurovisionworld (på britisk engelsk). 20. januar 2017. Arkivert frå originalen den 12. januar 2024. Henta 12. januar 2024.
- ↑ Brooks, Tamara (21. mai 2023). «AmericanIdol 2023 Episode 18 Recap: And the Winner Is...». American Broadcasting Company. Arkivert frå originalen den 3. mai 2024. Henta 11. mai 2024.
- ↑ EBU [@eurovision] (8. mars 2024). «Georgia's Nutsa Buzaladze will reveal her song FIREFIGHTER on 11 March!». Henta 8. mars 2024 – via Instagram.
- ↑ «Eurovision 2024 Semi-Final Two Qualifiers». ESCXTRA (på britisk engelsk). Arkivert frå originalen den 10. mai 2024. Henta 10. mai 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Nutsa Buzaladze» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2025.