Nuvsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°16′51.218″N 22°6′42.127″E Nuvsfjorden (samisk Cuokcavuotna) er ein fjord i Loppa kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 8 km sørover til Nuvsfjordbotn.

Fjorden har innløp mellom Molvineset i vest og Klubben i aust. Bygda Nuvsvåg ligg inst i ein våg på austsida av fjorden. Det er òg busetnader innover i fjorden, men berre enkelthus og små gardar.

Fv77 går langs austsida av fjorden.