Ny-Friesland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Spitsbergen med Ny-Friesland avmerkt.

Ny-Friesland er ei halvøy og eit landområde heilt nordaust på Spitsbergen i Svalbard. Det utgjer det nordlegaste punktet på øya ved Verlegenhuken, og er avgrensa geografisk i nord av Hinlopenrenna og Hinlopenstretet, av Wijdefjorden mot vest, og av Atomfjella og Chydeniusfjella mot sør. Fjella markerer overgangen mot Olav V Land. Det høgaste fjellet på Svalbard, Newtontoppen, og det nest høgaste, Perriertoppen, ligg i Ny-Friesland.[1] Halvøya har fått namnet sitt etter landskapet Friesland i Nederland.[2]

Ny-Friesland har høge og bratte fjell i sørvest og mindre bratte fjell i nord og aust. I nord ligg to store isbrear: Åsgardfonna og utstikkaren Valhallfonna, og Balderfonna i søraust mot Hinlopenstretet.

Det er ingen busetjingar i området, og det er meldeplikt til Sysselmannen ved ferdsel her. Det austlege kystbeltet mot Hinlopenstredet tilhøyrer Nordaust-Svalbard naturreservat. Kystområdet på begge sider av den inste halvdelen av Wijdefjorden utgjer Indre Wijdefjorden nasjonalpark.

Arve Staxrud var den første som kryssa Ny-Friesland då han i 1913 var på veg for å redde overlevande etter Herbert Schröder-Stanz sin ekspedisjon i Sorge Bay (Sorgfjorden).[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Henriksen, Petter (red.). «Ny-Friesland». Store norske leksikon (på Norwegian). Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 13 November 2011. 
  2. Ny-Friesland Stadnamn i norske polarområde, Norsk Polarinstitutt
  3. Mills, William James: Exploring polar frontiers: a historical encyclopedia, bind 1, 2003, s. 263.