Ny Jord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ny Jord (Selskap for landets indre kolonisasjon og emigrasjonens innskrenkning) vart skipa i 1908 og hadde som føremål å minska utvandringa ved å visa til ulempene ved å dra frå landet og gje folk ei meir realistisk oppfatning av kva dei kunne venta seg dersom dei emigrerte. Selskapet arbeidde etter kvart mest for bureising på udyrka jord ved å kjøpa dyrkingsfelt, og på særlege vilkår gje økonomisk tilskot til bureisarar. Fram til midt på 1930-talet selskapet gjeve tilskot til meir enn 10 000 bureisingsbruk, og det var dyrka over 180 000 dekar jord. Nordland, Troms og Hedmark var dei tre fylka med flest bureisingsbruk.

Selskapet starta i 1916 Val landbruksskole i Nærøy i Nord-Trøndelag.

I 1972 gjekk Ny Jord saman med Det norske myrselskap og danna Det norske jord- og myrselskap (DNJM).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

  • Selskapet Ny jord 1908-1958 (Oslo, 1958)
  • Fostad, Einar. «Bureising i Skogn» I: Levanger historielags årsskrift 1987
  • Hansen, Frithjof «Myrsoldatene : bureising og jorddyrking på Senja i 1930-årene» I: Årbok for Senja 1996
  • Leth-Olsen, Sturla Det nøtta lell! : Om bureisingsgranda Elveng i Bjugn 1935-1985 (Bjugn, 1991) ISBN 82-992535-0-0
  • Randen, Olav, Brøyte seg rydning: bureisningstid og bureisarliv, Boksmia, 2002.
  • Storhaugen, Ola Nekåbjørgen : ei bureisingsgrend i Selbu 1936-1986 (Nidaros forl. 1986)
  • Vandbakk, Johan «Da ei ny bygd ble til : om bureisinga på Aursjømyra mellom Verran og Rissa» I: Årbok for Fosen 1998
    Spire Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.