Ny Musikks Komponistgruppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ny Musikks Komponistgruppe Noreg

NMKs logo
eigar: Ny Musikks Komponistgruppe
Skipa1938
LeiarStine Sørlie (2012-)
Medlemmer32
Nettstadwww.nymusikk.no/?page_id=2741

Ny Musikks Komponistgruppe (NMK) vart skipa i 1978 og er ei faggruppe for komponistar i etableringsfasen under paraplyorganisasjonen Ny Musikk. Seksjonen opererer som ein dynamisk og uføreseieleg «storleik» i norsk musikkliv og fremjar dei særskilte eigenskapane og særtrekk som medlemsmassen gjev. NMK tek omsyn til alle medlemmane sine interesser, både fagleg og økonomisk.

NMK held fleire konsertar, workshoppar og faglege forum kvart år, og formidlar bestillingsverk til medlemmane. Komponistgruppa har gjeve ut CDane In Real Time (2001) og Non-Solid Objects[1] (2001) på Ny Musikk sitt platemerke ALBEDO[2], forutan CD-en Cirrus[3][4] som kom ut i 2007 på selskapet Fabra. Talet på medlemmar varierer mellom ca. 25 og 35.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

  • Synne Skouen (1978-1979)
  • Kjell Samkopf (1979-1980)
  • Bjørn Kruse (april-august 1979) fungerte i Samkopf sitt fråvære.
  • Bjørn G. Gjerstrøm (1980-1981)
  • Yngve Slettholm (1981-1982). Slettholm blei vald til leiar i 1981 og gjenvald på generalforsamlinga i 1982. 25. mai 1982 blei det kalla inn til ekstraordinær generalforsamling etter at styret hadde trekt seg. Åse Hedstrøm blei vald til ny leiar
  • Åse Hedstrøm (1982-1984)
  • Tor Halmrast (1984-1986)
  • Atle Pakusch Gundersen (april–august 1986). Gundersen trekte seg som leiar 26. August 1986 av «særskilde årsaker», jfr. årsmeldinga for 1986.
  • Kjell Marcussen overtok leiarvervet (august 1986–1988)
  • Bjørn Morten Kjernes (1988-1990)
  • Jostein Stalheim (1990-1991)
  • Terje Winther (1991-1992)
  • Jan Wiese (1992-1993)
  • Karl-Alex Falk (1993-1996)
  • Bjørn Sverre Kristensen (1996-1998)
  • Trond Reinholdtsen (1998–2001)
  • Knut Olaf Sunde (2001–2004)
  • Emil Bernhardt (2004–2005)
  • Petter Sørlie Kragstad (2005–2007)
  • Henrik Marstrander (2007–2009)
  • Harald Sæther (2009–2011)
  • Bjørn Erik Haugen (2011-2012)
  • Stine Sørlie (2012-)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. CD'en Non-Solid Objects
  2. ALBEDO
  3. Pressemelding (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016, henta 14. april 2011 
  4. Omtale av Cirrus på nettmusikkmagasinet Ballade, arkivert frå originalen 3. desember 2008, henta 14. april 2011 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]