Nyfossum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyfossum fotografert i 2012

Nyfossum i nærleiken av Åmot på Modum er eit herskapshus i empirestil som i si tid var familiebustaden for den tekniske direktøren på Blaafarveværket, Friedrich Roscher (1791-1859). Bustaden ligg på eit gardstun om lag ein kilometer unna sjølve verket, og alt saman er no gjort om til eit museum som høyrer inn under museumsstiftinga Blaafarveværket og er tilgjengeleg for publikum. I stover, soverom og barnerom i bustadhuset heng det bilete laga av kunstmålaren Ida Lorentzen med interiøra i huset som motiv.

Friedrich Roscher var tilsett ved Blaafarveværket i åra 1820-1840, og teikna sjølv dette herskaplege huset, som har vore nytta som direktørbustad etter hans tid òg. Etter at verksemda ved verket gradvis vart avvikla og til sist opphørte mot slutten av 1800-talet, kjøpte Modum kommune verket med alle eigedomar i 1919, og selde Nyfossum som eit småbruk i 1930. I 1980 kjøpte Stiftelsen Blaafarveværket eigedomen. Huset vart restaurert, og så langt det har vore mogleg, vorte ført attende til slik det opphavleg var på 1840-talet. Det faste inventaret på kjøkenet, inklusive den store eldstaden og den «løynde» trappa for tenarane opp til dei fine stovene i andre høgda, til fru Roschers opphaldsrom, er intakt. Her er òg familien Rochers private rom, barnerom og soverom med flotte himmelsenger.

Ikring herskapshuset er det ein vakker hage, med urter, roser, lysthus og andedam, og i tømmerlåven vert det presentert ei ny kunstutstilling kvart år.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]