Nygård kraftverk

Koordinatar: 68°28′32.3″N 17°37′33.49″E / 68.475639°N 17.6259694°E / 68.475639; 17.6259694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nygård kraftverk (Narvik) kraftverk er eit vasskraftverk i Storelva i Narvik kommune i Nordland fylke.

Kraftverket nyttar fallet på 250 meter frå Trollvatn og havnivå i Rombaken.

Det er installert 3 vertikale Francisturbinar på totalt 25 MW. Middels årsproduksjon er på 115 GWh.

Kraftverket regulerer 9 magasin med 18 dammar. De viktigaste reguleringane er:

Øvre og Nedre Jernvatnet er oppdemde av Jernvassdammen og regulerte mellom 299 og 265 moh. Fiskelausvatnet er oppdemt og regulert mellom 346 og 325 moh. Trollvatnet er regulert mellom 259 og 250 moh. Nygårdsvatnet er regulert mellom 259-250 moh.

Kraftverket er eigd av Narvik Energi og vart pussa opp i 1997.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

68°28′32.3″N 17°37′33.49″E / 68.475639°N 17.6259694°E / 68.475639; 17.6259694