Nygårdshøyden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nygårdshøgda)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nygårdshøyden er ein av dei sju grunnkretsane i strøket Nygård i Bergen sentrum. Nygårdshøyden er avgrensa av Nygårdsparken og Møhlenpris i vest, grunnkretsen Florida i sør, Fosswinckels gate i aust og Sydneshaugen i nord.

Nygårdshøyden er byvoren i byggemåte, med ei blanding av bustader og kontor. Universitetet i Bergen dominerer området ved å ha reist fleire store bygningar her, eller teke i bruk eldre skule-, bustad- og kontorbygningar til ulike føremål. Her ligg Det humanistiske fakultet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet og velferdsbygningen Studentsenteret. Her ligg òg bygningane for Bergen Museums kulturhistoriske og naturhistoriske samlingar med den tilhøyrande Muséhagen.