Nygårdsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°6′38.657″N 14°18′22.532″E Nygårdsjøen er ei bygd i Gildeskål kommune. Ho ligg ved Fylkesveg 17 og er den nordlegaste bygda i kommunen. Nygårdsjøen ligg 6 mil sør for Bodø.

Nygårdsjøen er omkransa av fjell og fjord. Jordbruk har vore hovudnæringa, men også småfiske. Framleis er det ein del jordbruk her, men mindre enn før. Elles vert drive fiskeoppdrett, bilverkstad og båtverkstad. Bygda har skule og barnehage, bank, butikk, tannlege, frisør, kafé og pub, samt campingplass.

Bygdene langs Nordfjorden, frå Ertenvåg i nord til Sundsfjord i sør ved Holmsundfjorden, har postadresse Nygårdsjøen. Om lag 400 personar har postadresse Nygårdsjøen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]