Nygårdsparken

Koordinatar: 60°22′58.447″N 5°19′45.527″E / 60.38290194°N 5.32931306°E / 60.38290194; 5.32931306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°22′58.447″N 5°19′45.527″E / 60.38290194°N 5.32931306°E / 60.38290194; 5.32931306

Nygårdsparken sett frå ein av dammene
Nygårdsparken sett frå Nygårdshøgda

Nygårdsparken ligg mellom Møhlenpris og Nygård i Bergen og dekker eit område på 74,2 dekar. Parken vart opna i 1885, etter at legane Joachim Grieg Wiesener (1843-1888) og Klaus Hanssen (1844-1914) hadde danna ”Nygaards Parkselskab” i 1880.

Parken vart utforma i engelsk stil, er tilplanta med bøk, alm, lind og rododendron, og den har dammar med koloniar av svaner og gjæser.

Parkområdet har vore nytta til utstillingar, idrettskonkurransar, konsertar og andre underhaldningsarrangement. Den har leikepark, og er spesielt populær på solskinnsdagar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]