Nygaardsvoldbåtar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nygaardsvoldbåtar var fiskefartøy som frå 1936 vart bygde med offentleg subsidiering. Som ein del av dei sosiale tiltaka nygaardsvoldregjeringa sette i verk i 1935 vart det ytt statlege bidrag og lån på særleg gode vilkår til båtkjøp. Det var aktive fiskarar som gjekk saman i partslag som kunne gjere seg nytte av denne ordninga. Fiskeridirektoratet utarbeidde teikningar til to ulike kravellbygde fiskekutterar. Desse vart det bygd mange av. Det var likevel opp til kvart enkelt partslag og avtale med båtbyggeriet korleis båten skulle vere. Det førte til at det og vart bygd tradisjonelle nordlandsbåtar, både åttringar og seksringar. Desse vart bygde for motordrift i tillegg til seglføring.

Fram til 1938 vart det gitt stønad til 287 fartøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]