Nygle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei nygle er ein tapp i botnen på ein båt som ein tek ut når båten står på land og skal tømmast for vatn. Ordet vert nokre stader brukt om holet som tappen står i. Nygla vert oftast plassert i bakerste rommet. Eit hol vert bora like inn til kjølen. Når båten skal på vatnet vert det tetta. Det vert ofte brukt ein tott av taug til å tette med. Brukar ein treplugg til nygle bør den vere av rå materiale sidan tørt tre kan svelle så mykje at båtbordet vert sprengd.

Når båten kjem på land, vert nygla teken ut slik at vatnet kan renne ut. Når ein båt vert sett til lagring, til dømes i eit naust, må han stå slik at alt vatnet renn ut. På store båtar kan det og vere nyglehol framme i båten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Eldjarn og Jon Godal: Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 4.