Nyhavn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyhavn

Nyhavn er eit hamnekvarter i København, og eit av dei mest vitja turistmåla i byen. Hamna vart graven ut frå 1671 til 1673 av svenske krigsfangar etter Karl Gustav-krigane som eit alternativ til den eksisterande hamna.

Kong Fredrik III hadde på slutten av 1660-talet eit prosjekt for ein kanal som skulle gå frå hamneløpet og heilt inn til Kongens Nytorv. Kongen byrja å dra på åra på dennne tida, og planen hans enda i ein skuff og vart ikkje realisert.[1] I 1670 overtok Christian V trona og då vart det umiddelbart fart i plana. Kongen sende ut ein ordre datert 28. desember same år, og her befalte han «..den forordnede Havn til det nye Torv udi tilstundende Aar 1671 at lade forferdige.»

Fullt så fort gjekk det ikkje å få kanalen ferdig. Arbeidet vart gjort av soldatar, hovudsakleg svenske krigsfangar frå den nyleg avslutta krigen med Sverige.

I mange år var Nyhavn blant dei meir skumle kvartera i byen med vertshus for sjømenn og dertil høyrande gledespiker. Men i 1980-åra vart området renovert, og Nyhavn husar i dag ei rekkje restaurantar, kaféer og barar. Blant dei mest kjende er Nyhavn 17 og Cap Horn.

Opphavleg innvigde Christian V området som «Nyhavnskanalen», men i dag heiter det berre Nyhavn. Severdige er dei over 300 år gamle husa som er vorte verna.

H.C. Andersen og Nyhavn[endre | endre wikiteksten]

Diktaren H.C. Andersen budde fleire stadar i Nyhavn. I september 1834 flytta han inn i nr. 20 hos Karen Sophie Larsen.[2] I 1848 flytta han inn hos skipper Anholm. Den 23. oktober 1871 flytta han inn hos fotograf Thora Hallager som dreiv pensjonat i huset, frå 1873.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. København., arkivert frå originalen 24. mars 2012, henta 13. oktober 2018 
  2. H. C. Andersens bustader frå H.C. Andersen Centret
  3. H. C. Andersens bustader frå H.C. Andersen Centret
  4. Nyhavn 17, arkivert frå originalen 14. oktober 2018, henta 13. oktober 2018