Nyiragongo
Utsjånad
| Nyiragongo | |||
| vulkan | |||
Nyiragongo i 2024. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Nyiragongo 1°31′00″S 29°15′00″E / 1.5166666666667°S 29.25°E | |||
| Wikimedia Commons: Nyiragongo | |||
Nyiragongo er ein vulkan heilt aust i Den demokratiske republikken Kongo. Han ligg i Virunga nasjonalpark, nær grensa til Rwanda. Nyiragongo når 3469 meter over havet og er ein av dei mest aktive vulkanane i Afrika.


Under eit utbrot i januar 2002 vart det danna tre lavastraumar frå vulkanen. Ein av dei nådde byen Goma, som ligg kring 10 kilometer sør for vulkanen. Dei 350 000 innbyggjarane i Goma laut dra frå byen, og kring 40 prosent av Goma vart øydelagd. I tillegg vart 14 landsbyar i området råka. I dag er vulkanen eit populært turistmål.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Nyiragongo» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 1. juni 2019.
