Nykøbing Sjælland
Utsjånad
| Nykøbing Sjælland | ||
|---|---|---|
|
| ||
| Land Region Kommune |
Danmark Region Sjælland Odsherred kommune | |
| Innbyggjarar • By (2013) |
5 096 | |
| Koordinatar | 55°48′36″N 11°40′17″E / 55.81000°N 11.67139°E | |
| Høgd | 15 m | |
| Nettstad: Kommunal heimeside | ||

Nykøbing Sjælland er ein by og tidlegare kjøpstad på Nordvestsjælland ved Isefjorden i Danmark. Byen har 5 096 innbyggjarar (2013)[1] og ligg i Odsherred kommune i Region Sjælland. I sommarhalvåret ber byen preg av mange tilreisande turistar som let seg lokke av sommarhus og badestrender i nærleiken.
Nykøbing Sjælland er ein av dei eldste byane på Sjælland. I litterære kjelder blir staden omtalt så tidleg som på siste halvdel av 1200-talet. Nykøbing kyrkje er endå eldre, og blir datert til første halvdelen av 1200-talet.
Byen er også nordlegaste endestasjon for Vestsjællands Lokalbaner. Det er togsamband til Holbæk med vidare liner til København og resten av Danmark.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Statistikbanken Tabel BEF44 (Vitja 11. februar 2014)
