Nykkjesøyfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°20′34″N 06°47′24″E

Nykkjesøyfossen i juli 2004. Foto: A. Christensen.

Nykkjesøyfossen er ein foss danna av elva Kinso som ligg i Husedalen ovanfor Kinsarvik i Ullensvang herad i Hordaland fylke.

Når ein går oppover Husedalen frå Kinsarvik, er Nykkjesøyfossen den tredje fossen ein møter, etter Tveitafossen og Nyastølsfossen. Dersom ein går vidare frå Nykkjesøy, kjem ein til Søtefossen. Nykkjesøyfossen er også den minste av desse fire.

I tillegg til turstien opp Husedalen går det også skogsveg frå Kinsarvik og heilt opp til Nykkjesøy.