Nymfe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nymfer)
Sjå òg nymfestadiet
Blonde vindruenymfer med slangehalar feirar den nye vinen. Dekorasjon på eit gresk drikkekar frå rundt 510 f. Kr.

Nymfer er vakre, kvinnelege skapningar i gresk mytologi. Dei er knytte til naturen, ofte ein særskilt del av han, som tre eller vatn. Nymfene er kjende for å elska song og dans, og for mykje friare kjærleiksliv enn det greske borgarlege idealet.

Tre nymfer. Relieff frå 100-talet f.Kr.
Romersk sølvfat funne i Storbritannia som syner ei nymfe og guden Pan.

Ein kunne dela inn nymfer i kvar dei høyrde til, til dømes najader, vassnymfer, dryader, trenymfer, og oreader, fjellnymfer. Dei heldt ofte til i tre og lundar, fjell, hòler og dalar eller i elver og kjelder. Særskilde nymfer kunne bli tilbedne som ein lokal guddom. Andre har plass i mytologien som følgjesveinar til gudane, som fest- og grødeguden Dionysos, naturgudane Hermes, Pan eller jaktgudinna Artemis. Dei opptrer ofte i legender, til dømes som offer for eller elskarinner til satyrar eller gudar. Ei rekkje greske soger fortel òg om ein patriark eller stamfar, ofte med same namn som eit folkeslag, som gifta seg med ei nymfe. Slike mytologiske røter gav kongen og etterfølgjarane hans status og autoritet.

Gjennom seinare europeisk dikting og klisjéskaping blei «nymfe» eit anna ord for ei vakker kvinne. Nymfer blei gjerne skildra som ville og galne, og hadde mange eventyr med menn. Gjennom dette har dei gjeve opphav til omgrepet nymfomani.

Kjende nymfer[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nymfe