Nynodata
Nynodata er eit norsk firma som har spesialisert seg på ein viss type språkteknologi, nemleg maskinomsetjing frå bokmål til nynorsk. Nynodata ligg i Bø i Telemark.
Nynodata var m.a. sentral då Microsoft omsette MsOffice 2003 til nynorsk, det vart gjort med hjelp av programmet Nyno.
Nynodata har også laga eit søkemotortillegg, Norsøk, som gjer det mogleg å søkje etter informasjon i språkblanda (nynorsk/bokmål) tekst, og å få fram informasjon, uavhengig av kva målform det er skrive på.
Dagleg leiar i Nynodata er Bjørn Seljebotn.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Nynodata si heimeside
- Demoside for Norsøk