Nynorsk kultursentrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Aasen-tunet

Stiftinga Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting som arbeider for nynorsk skriftkultur i gjensidig samarbeid med Ivar Aasen-instituttet i Volda. Stiftinga eig og driv Ivar Aasen-tunet, og gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt. Høgdepunktet er Dei Nynorske Festspela i slutten av juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen.

19 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og organisasjonar står bak stiftinga: Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Sunnmøre Museum, Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta kommune, Høgskulen i Volda, Volda kommune, Møreforsking Volda, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Vestmannalaget, Universitetet i Bergen, Møre Folkehøgskule, Universitetet i Tromsø, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Hordaland fylkeskommune og Universitetet i Oslo.

Stiftinga vart skipa 31. august 1993 og er organisert med eit styre og eit råd. Direktør for Nynorsk kultursentrum er Ottar Grepstad[1]

Nynorsk leksikon[endre | endre wikiteksten]

Eit prosjekt Nynorsk kultursentrum driv med er å få laga til eit nynorsk leksikon. 26. mai 2009 starta pilotprojektet for det som no er allkunne.no, eit nynorsk kulturhistorisk leksikon. Leksikonet er eigd av Det norske samlaget og Nynorsk kultursentrum.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.aasentunet.no/filestore/PDF/rsmeldingar/016rsmelding2012endOG.pdf

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]