Normert nynorsk talemål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nynorsk normaltalemål)

Normert nynorsk talemål er talemål der ordval og bøyngsformer følgjer den vedtatte norma for nynorsk rettskriving. Målet er òg kalla nynorsk normaltalemål, men denne nemninga er noko misvisande, sidan dialekt vil vere det normale for dei fleste nynorskbrukarane, medan det normerte talemålet blir brukt i meir formelle samanhengar.

Normert nynorsk talemål blir brukt i NRK, av liturgar, i teateret, først og fremst i Det Norske Teatret og av somme lærarar. Fokuset på dialektar har gjort at normert nynorsk talemål har låg status, jamført med «den dannede dagligtale» som er basis for det normerte bokmålet. Auka bruk av dialektar, mellom anna i NRK, gjer at det nynorske normaltalemålet er ytterlegare svekt i nyare tid.

Bruk av normert nynorsk talemål har vore eit vanskeleg tema i norsk målreising. Målrørsla har brukt slagordet «Tal dialekt, skriv nynorsk». På den andre sida er det ei utfordring for nynorsken å ikkje bli eit reint «bokmål» i tydinga at språket utelukkande blir brukt i skrift. Auka bruk av dialektprega skriftspråk i uformelle samanhengar viser at det er avgjerande for det nynorske skriftspråket at også det normerte nynorske talemålet blir styrkt. Samtidig vil auka bruk av normert nynorsk talemål vere ei stø mot utvatning av dialektane, som er utgangspunktet for det nynorske skriftspråket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]