Nynorskordboka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nynorskordboka er ei ordbok for nynorsk som i tillegg til rettskriving inneheld ordsoge og kortfatta leksikalske fakta. Ho har funnest som trykt bok sidan 1986, som nettordbok sidan noko før 1995[1] og som app (Ordbøkene) sidan 2017.

Arbeidet med ordboka tok til i 1974, og første utgåva kom i 1986, parallelt med Bokmålsordboka. Nye utgåver kom i 1993, 2001 og 2006. Ordboka er gjeven ut på Det Norske Samlaget, men vart tilverka av Seksjon for leksikografi og målføregransking ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet.

Nynorskordboka på nett vart utvikla av Universitetet i Oslo i samarbeid med Språkrådet. I september 2016 overtok Universitetet i Bergen som samarbeidspartnar med Språkrådet.[2]

Redigeringa av førsteutgåva var fordelt slik:

Magne Rommetveit Føreord, innleiing og brukarrettleiing
Sigurd Nordlie og Dagfinn Worren a - bowlingspelar
Dagfinn Worren br - cøliakisk
Laurits Killingbergtrø og Marit Hovdenakd
Laurits Killingbergtrø e - g
Laurits Killingbergtrø og Sigurd Nordlie h
Sigurd Nordlie i
Laurits Killingbergtrø og Sigurd Nordlie j
Dagfinn Worren og Arne Lauvhjell k
Marit Hovdenak l - n
Dagfinn Worren o
Arne Lauvhjell og Magne Rommetveit p - r
Dagfinn Worren s
Arne Lauvhjell og Sigurd Nordlie t - toårskontrakt
Dagfinn Worren trabelere - triårs
Laurits Killingbergtrø tro - uåte
Dagfinn Worren v
Sigurd Nordlie w - å
Håvard Hjulstad EDB-opplegg

Nettutgåve 2012-

Oddrun Grønvik, redaktør 2012-14

Terje Svardal, redaktør 2017-

Christian-Emil Ore, UiO: IT-format

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jan Hoel (2010), «Edle årganger i ny tapning», Språknytt 3 
  2. Universitetet i Bergen overtek ordbøkene, arkivert frå originalen 17. september 2016 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]