Nyrealisme i litteraturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigrid Undset tok imot Nobels litteraturpris i 1928 for mellomalder-romanane sine.

Nyrealisme eller etisk realisme er eit vanleg namn på den meir røyndomsnære og ofte samfunnsengasjerte diktinga som tok til rundt 1905. Retninga nådde ein topp rundt 1920, men strekte seg like fram til andre verdskrigen og til dels lenger. Bølgja med nyromantikk og symbolisme frå 1890-talet ebba ut, men dei nye realistane tok likevel med seg nokre av trekka frå nyromantikken, særleg sansen for djupe psykologiske skildringar.

Bakgrunnen for den nye orienteringa var både internasjonale trendar i kunst og litteratur og den sterke utbygginga av det norske industrisamfunnet og dei sosiale brytingane det førte med seg. Første verdskrigen og verknadene av den styrkte desse tendensane og førte til ny interesse for grunnleggjande filosofiske, etiske og politiske spørsmål.

Nyrealismen vart prega av «dei store forteljarane» som skreiv noveller, romanar og storstilte romanseriar. Men også lyrikarane gjorde seg gjeldande med ein ny sans for konkrete motiv i eit kvardagsnært språk.

Omgrepet nyrealisme vart først introdusert av forfattaren og kritikaren Kristian Elster d.y. i Kirke og Kultur i 1918. Han meinte dei nye, unge forfattarane hadde teke opp att diktinga frå realismen og naturalismen på 1870- og 1880-talet. «Deres stil er merket av virkeligheten, den er likefrem, enkel, levende. Den savner altfor hyppig den strenge kunstneriske holdning, men har til gjengjeld friskhet, styrke. Deres kunst er bygget paa iakttagelser, virkelighetssans.»[1]

Trekk ved nyrealistisk prosa[endre | endre wikiteksten]

  • Ei ny interesse for samfunnsspørsmål, særleg skuggesidene ved det nye industrisamfunnet.
  • Dei sosiale og politiske spørsmåla blir sedde i stort perspektiv.
  • Samfunnsskildringa blir kombinert med psykologiske skildringar der individet står sentralt. (Ulikt skildringa av «typar» frå realismen på 1870- og 1880-talet).
  • Personane blir stilte overfor vanskelege etiske val, og vi får sjå korleis dei taklar desse.
  • Nye sosiale klassar kjem med i litteraturen, skildra av folk som kjenner kåra deira av eiga erfaring.
  • Nyrealistane «teiknar noregskartet i litteraturen», nye landsdelar kjem med.
  • Stor interesse for det lokale, og grensene mot heimstaddiktinga er uklare.
  • Forfattarane skriv ofte historiske romanar og romanseriar der dei følgjer fleire slektsledd. Dei sosiale og etiske spørsmåla dei tek for seg, høyrer likevel til samtida.

Trekk ved nyrealistisk lyrikk[endre | endre wikiteksten]

  • Melankolien og framandkjensla frå nyromantikken blir erstatta av ei meir livsglad og livsdyrkande haldning.
  • Motivet er ofte konkret og språket er meir nøkternt og kvardagsleg.
  • Dikta inneheld ofte skarpe sansingar kombinert med refleksjon over dei store spørsmåla, av filosofisk eller religiøs natur.
  • Det lokale miljøet står sterkt.
  • Strofeforma er oftast tradisjonell, men blir samtidig fornya på ulike måtar.

Nokre nyrealistiske verk[endre | endre wikiteksten]

Nyrealistiske forfattarar[endre | endre wikiteksten]

Norske
I andre land

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fidjestøl m.fl.(1994) Norsk litteratur i 1000 år, s. 408.