Nyseryllik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyseryllik
Nyseryllik
Nyseryllik
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Stamme: Anthemideae
Slekt: Ryllikslekta Achillea
Art: Nyseryllik A. ptarmica
Vitskapleg namn
Achillea ptarmica

Nyseryllik er ei urt i korgplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa og Asia. Planta vert kring 30 cm høg, og har ein greina jordstengel. Blada er smale som eit lauvsagblad. Korga om lag 1 cm brei, oftast med 8-10 kvite kantkroner. Dyrka plantar har større korger og fleire kantkroner.

Nyseryllik blømer kring juli månad i grasbakkar, på fuktig dyrka mark og på vegkantar. I nyare tid finst han spreidd gjennom heile Noreg. Planten er funnen opp til 1230 m på Hardangervidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.