Nystølsvarden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nystølsvarden
fjell
Land Flag of Norway.svg Noreg
Område Gol (Viken)
Høgd 1 296 moh.

Nystølsvarden
60°45′20″ N 9°12′51″ E

Nystølsvarden er det høgaste punktet i Gol kommune på 1296 moh. Nystølsfjellet er ein fjellrygg som dannar skiljet mellom Nordåsen og Søråsen i Gol. Nordåsen er det lokale namnet på det som ofte vert rekna som Golsfjellet, og her ligg ei rekkje hotell. Søråsen ligg høgare og er meir tilbaketrekt med hytter og tradisjonsrike stølslag. Frå Nystølsvarden ser ein mellom anna Norefjell i sør, Hallingskarvet og Reineskarvet i vest og Jotunheimen i nord.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Viken å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.