Nytt på nytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nytt på Nytt)
Nytt på nytt

Typefjernsynsprogram
Sjangerhumor
OpphavslandNoreg
Språknorsk
Basert påHave I Got News for You
KanalNRK1

Nytt på nytt er ein norsk variant av det britiske satireprogrammet Have I Got News For You, som vert laga av produksjonsselskapet Hat Trick. Programmet har vore sendt på NRK1 kvar fredagskveld, vår og haust, sidan 9. april 1999. Det er blitt eit av dei mest sette fjernsynsprogramma med over 1,3 millionar sjåarar.[treng kjelde]

Programmet er ein konkurranse mellom to lag som kvar har to deltakarar, der kvart lag skal løyse flest mogleg oppgåver som har med nyhende frå den siste veka å gjera. Konkurransemomentet er lite – det er humoren som er det viktige i programmet.

Programleiar for Nytt på nytt er Jon Almaas. Faste deltakarar med kvart sitt lag er Knut Nærum og Linn Skåber, som erstatta Anne-Kat. Hærland hausten 2007. I tillegg har kvart lag ein kjendisgjest. Fredag 15. april 2011 var Bård Tufte Johansen programleiar for Jon Almaas.

Klar til opptak av NRK-programmet «Nytt på nytt»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]