Kakapofamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nyzealandske papegøyar)
Kakapofamilien
Kea, Nestor notabilis Foto: Jeanie Mackinder
Kea, Nestor notabilis
Foto: Jeanie Mackinder
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Kakapofamilien Strigopidae
Bonaparte, 1849

Kakapofamilien, Strigopidae, er ein biologisk familie av tre nolevande artar av nyzealandske papegøyar, alle endemiske for New Zealand. Dei finst i to biologiske slekter av papegøyefuglar, Nestor og Strigops som til saman utgjer familien.[1] Slekta Nestor samlar to nolevande papegøyeartar på New Zealand, hovudøyane, ein utdøydd artNorfolkøya og ein mogleg tidlegare art på Chatham-øyane.[2]

Menneskeleg aktivitet har vore årsak til at av ein (to) artar blei utrydda, og nedgang i populasjonen av dei andre tre artane. Europeisk introduksjon av framande artar som gris og røysekattar som et egg frå bakken av hekkande fuglar, jakt, tap av habitat, og introduserte kvefs har ført til ytterlegare nedgang.[3][4][5] Familien skilte seg frå alle andre papegøyar for rundt 82 millionar år sidan, då New Zealand braut ut frå Gondwana, medan forfedrane til slektene Nestor og Strigops skilte seg frå kvarandre for mellom 60 og 80 millionar år sidan.[6][7]

Artsoversyn[endre | endre wikiteksten]

Det er tre overlevande artar og minst ein veldokumentert utdøydd art i slekta Nestor. Det finst lite kunnskap om kaka på Chatham-øyane, som kan ha vore konspesifikk med ein annan kakaart.

Nestor

  • Kea, Nestor notabilis
  • Kaka, Nestor meridionalis
    • North Island kaka, Nestor meridionalis septentrionalis
    • South Island kaka, Nestor meridionalis meridionalis
  • Gullkaka, Nestor productus utdøydd
  • (Chatham kaka, Nestor ...., mogleg tidlegare art, no utdøydd)[2]

Strigops

Strigopidae
Trivialnamn
(vitskapleg namn)
status
Bilete Skildring Utbreiing og habitat
Kea

(Nestor notabilis)
Sårbar - VU[8]

48 cm lang. For det meste olivengrøne med skarlakraude undervenger og undergump. Mørke kantfjører. Mørkt brunt nebb, iris, bein og føter. Hannar har lengre nebb.[9] New Zealand: Sørøya

Høgtliggande skogar og område med kratt 850–1400  moh.[10]
KakaSørøya

(Nestor meridionalis meridionalis)
Sterkt truga - EN[11]

Liknar på underarten av kaka på Nordøya, men litt mindre, ljosare fargar, er krona nesten kvit, og nebbet er lengre og meir bua hos hannar.[12] New Zealand: Sørøya

Ubrotne område med skogar av Nothofagus og Podocarpus, 450–850 moh. om sommaren og 0–550 m om vinteren.[10]
KakaNordøya

(Nestor meridionalis septentrionalis)
Sterkt truga - EN[11]

Ca. 45 cm lang. Hovudsakleg olivenbrun med mørke fjørkanter. Karmosinraude undervenger, undergump og krage. Kinna er gyldenbrune. Krona er gråaktig.[12] New Zealand: Nordøya

Ubrotne område med skogar av Nothofagus og Podocarpus, 450–850 moh. om sommaren og 0–550 m om vinteren.[10]
Gullkaka

(Nestor productus)
Utdøydd frå ca. 1851[13]

Om lag 38 cm lang. For det meste olivenbrun overside, (raud-) oransje kinn og hals, stråfarga bryst. Lår, undergump og nedre del av buken er mørk oransje.[14] Tidlegare endemisk for Norfolkøya og Phillip-øya i Australia[15]

Steinar og tre[14]
Kakapo

(Strigops habroptila)
Kritisk truga - CR[16]

Store kompakte papegøyar 58–64 cm lange, hannar er større enn hoer, dei veg 2–4 kg som vaksne. For det meste grøne med brune og gule spetta tverrstriper, undersida er grøngul. Andletet er bleikt og ugleliknande. New Zealand: Maud Island, Chalky, Codfish og Anchor Islands
 
Climax Nothofagus (kyst) and Podocarpus (conifer) skogar, gjenreist kratt, Danthonia grasland 10–1400 m moh.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Clements Checklist of Birds of the World Updates & Corrections - Dec 2009 (Om side 134)
  2. 2,0 2,1 Storrs L. Olson (editor) Avian Paleontology at the Close of the 20th Century: Proceedings of the 4th International Meeting of the Society of Avian Paleontology and Evolution Washington, D.C, 4-7 June 1996
  3. «Threats to Kākāpō». Department of Conservation Te Papa Atawbai. Henta 19. oktober 2012. 
  4. «Threats to Kākā». Department of Conservation Te Papa Atawbai. Henta 19. oktober 2012. 
  5. «Threats to Kea». Department of Conservation Te Papa Atawbai. Henta 19. oktober 2012. 
  6. Wright, T.F.; Schirtzinger E.E.; Matsumoto T.; Eberhard J.R.; Graves G.R.; Sanchez J.J.; Capelli S.; Muller H.; Scharpegge J.; Chambers G.K.; Fleischer R. C. (2008). «A Multilocus Molecular Phylogeny of the Parrots (Psittaciformes): Support for a Gondwanan Origin during the Cretaceous». Mol Biol Evol 25 (10): 2141–2156. PMC 2727385. PMID 18653733. doi:10.1093/molbev/msn160. 
  7. Grant-Mackie, E.J.; J.A. Grant-Mackie; W.M. Boon; G.K. Chambers (2003). «Evolution of New Zealand Parrots». NZ Science Teacher 103. 
  8. BirdLife International (2015) Species factsheet: Nestor notabilis[daud lenkje]. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. januar 2015. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.
  9. «Kea - BirdLife Species Factsheet». BirdLife International. 2012. Arkivert frå originalen 19. mai 2013. Henta 17. oktober 2012. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Juniper, Tony; Mike Parr (1998). Parrots: A Guide to Parrots of the World. Yale University Press. ISBN 978-0300074536. 
  11. 11,0 11,1 BirdLife International (2015) Species factsheet: Nestor meridionalis Arkivert 2016-06-24 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. januar 2015. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.
  12. 12,0 12,1 «Kaka - BirdLife Species Factsheet». BirdLife International. 2012. Arkivert frå originalen 19. mai 2013. Henta 17. oktober 2012. 
  13. BirdLife International (2015) Species factsheet: Nestor productus Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. januar 2015. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.
  14. 14,0 14,1 Joseph M., Forshaw; Cooper, William T. (1981) [1973]. Parrots of the World (retta 2 utg.). David & Charles, Newton Abbot, London. ISBN 0-7153-7698-5. 
  15. «Norfolk Island Kaka - BirdLife Species Factsheet». BirdLife International. 2012. Arkivert frå originalen 19. mai 2013. Henta 17. oktober 2012. 
  16. BirdLife International (2015) Species factsheet: Strigops habroptila Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. januar 2015. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kakapofamilien