Nyzealandtjeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyzealandtjeld
Nyzealandtjeld, Otago,november 2007 Foto: Paul Davey
Nyzealandtjeld, Otago,november 2007
Foto: Paul Davey
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Tjeldfamilien Haematopodidae
Slekt: Tjeldfamilien Haematopus
Art: Nyzealandtjeld H. finschi
Vitskapleg namn
Haematopus finschi

Nyzealandtjeld, Haematopus finschi, er ein vadefugl i tjeldfamilien, Haematopodidae. Han er endemisk for New Zealand og har hekkeområde i innlandet av Sørøya. Dei fleste er flyttfuglar som overvintrar på Nordøya.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Nyzealandtjelden er lett å identifisere som ein svart og kvit tjeld, med langt, raudt til oransje nebb og lyseraude bein. Han kan skiljast frå den svartkvite morfen av todrakttjelden med større kvit flate på nedre rygg, og at han viser meir kvitt opp mot skuldra. Frå australtjeld skiljast han av lengre nebb, kortare bein og dessutan ved at skiljelinja mellom kvitt og svart på ryggen er kileforma i staden for tverrkutta som hos australtjeld. Kroppslengda er 46 cm, vengespennet 80–86 cm og vekta 550 gram.[1]

Nyzealandtjelden er stadbunden til New Zealand der han hekkar i innlandet på Sørøya. Etter hekkinga flyttar det meste av populasjonen til elvemunningar og strender på Nordøya. Han har vore registrert nokre gonger som ein streiffugl på Norfolkøya, Lord Howe Island og på den austlege kysten av Australia. Hekkehabitata er elveleie med breie, tørrlagte avleiringar, opne sletter og dyrka mark, innsjøstrender, subalpine område med vegetasjon. Habitata utanom hekketida inkluderer kystnære elvemunningar, havbukter, strender, sandflater og mudderbankar.[1]

Føda er hovudsakleg blautdyr og makk.

Nyzealandtjelden hekkar i sandskrapar på jordbruksareal eller på grusbankar i elveleie. Kullet er vanlegvis 2, nokre gonger 3 egg. Rugetida er rundt 28 dagar, og begge kjønn rugar. Ungane forlèt reiret 1-2 dagar etter klekking og dei kan sjølv finne føde.[1] Ungfuglar startar hekking når dei er 4-5 år gamle og tjelden kan bli gamal, det eldste kjente individet blei over 27 år.[2]

Bestanden av denne arten gjekk ned, hovudsakleg på grunn av jakt under slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, men med juridisk vern sidan 1940 har han sidan vore aukande. Populasjonen er estimert til ca. 85 000 individ (2005).[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Marchant, S.; Higgins, P.J.; & Davies, J.N. (eds). (1994). Handbook of Australian, New Zealand and Antarctic Birds. Volume 2: Raptors to Lapwings. Oxford University Press: Melbourne. ISBN 0-19-553069-1
  2. 2,0 2,1 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nyzealandtjeld