Næringsmiddelindustri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvalitetskontroll av flasker med zamzamvatn, heilag vatn frå Mekka.
Foto: Mohammed Adow
Testing av plastforsegling av salat.

Næringsmiddelindustri er ei industrigrein som produserer næringsmiddel, det vil seie mat og drikke meint for menneske. Dette var tidlegare hovudsakleg mindre verksemder som laga lokalt produserte produkt for ein mindre omkrins, men er blitt stadig tettare knytt til global handel og økonomi.

Næringsmiddelindustrien er ofte tett regulert i høve til hygiene, merking av innhald og opphav og gjennom ulike subsidiar og avgifter (som importtoll). I Noreg er industrien regulert gjennom matloven som er forvalta av Mattilsynet.

Det finst i dag fleire store fleirnasjonale føretak innan næringsmiddelindustrien, som Nestlé, Unilever og Kraft Foods.

I Noreg er Orkla (som eig Stabburet og Idun), Gilde og Tine dei største produsentane innan næringsmiddelindustrien. Talet på sysselsette innan norsk produksjon av næringsmiddel har stadig gått nedover mellom anna som følge av internasjonal konkurranse.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ditlefsen, Anne. «Næringsmidler» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 20. april 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]