Nísyros

Koordinatar: 36°35′10″N 27°09′36″E / 36.586°N 27.160°E / 36.586; 27.160
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nísyros
Lokalt namn Νίσυρος
Mandráki på Nísyros
Mandráki på Nísyros
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°35′10″N 27°09′36″E / 36.586°N 27.160°E / 36.586; 27.160
Øygruppe Dodekanesane

Areal 50,1 km²

Høgaste punkt Nísyros (698 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kos
Største busetnad Mandráki (660 innb.)

Demografi
Folketal 1 008 (2011[1])
Folketettleik 20,1 /km²

Nísyros (gresk Νίσυρος), stundom òg kalla Nissiros, er ei vulkansk øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg mellom øyane Kos og Tílos.

Nísyros er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Øya er nesten sirkulær med ein diameter på 8 km og eit areal på 41,6 km². Fleire andre småøyar ligg like i nærleiken av Nísyros, og den største av desse er Jyalí.

Øya har eit fjellkledd indre og i midten ligg fleire vulkankrater. Kysten er stort sett kledd med stein og grus, men ein finn òg eit par sandstrender her (hovudsakleg i nordaust).

Satellittbilete av Nísyros (nedst til høgre)

Vulkanen er for tida aktiv, men ikkje i utbrot, og ein har funne fumarole ved kratera. Det siste utbrotet var ein dampeksplosjon i 1888, etter små oskeutbrot i 1871 og 1873. I tillegg er det vanleg med jordskjelv. Ein seismisk aktiv periode i 1996-1997 førte eit internasjonalt lag av forskarar til å overvake vulkanen som ein del av Geowarnprosjektet. Heile vulkankomplekset inkluderer sjøbotn mellom Nísyros og Kos, øya Jyalí og delar av Kos.

Hovudbyen og hamna på øya er Mandráki, og av andre landsbyar finn ein Páli, Nikía, Emboriós og Loutrá. Etter ei folketeljing i 2011 hadde øya 1 008 innbyggjarar, men om sommaren aukar dette talet kraftig på grunn av turisme og utflytta nisyriarar som kjem tilbake på ferie. Turismen er derimot ikkje så utvikla som på andre greske øyar. Førekomst av perlitt og pimpestein på Jyalí utgjer ein stor del av næringa for øya.

Ein kan nå øya med skip frå Pireus og Kos, og om sommaren er det fleire turar dagleg frå landsbyen Kardámena på Kos. Ho har òg ein helikopterlufthamn.

Eit produkt frå Nísyros er soumada, ein alkoholfri drykk med smak av mandel.

Vernehelgenen til øya er Sankt Nikitas og ein finn mange ortodokse kyrkjer på øya, i tillegg til fire kloster som ikkje lenger er i bruk av munkar. Det største klosteret er Panajía Spilianí i Mandráki. Det vart bygd ved sida av mellomalderborga reist av Maltesarordenen, som erobra øya i 1315.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje gresk mytologi vart øya danna då Poseidon kutta bort ein del av Kos og kasta han på kjempa Polyvotis for å hindre han i å rømme. Det antikke namnet på øya var Porfyris. Gamle murar frå 400-talet fvt. som er ein del av akropolisen på øya, er funne nær Mandráki.

Ho var visstnok òg ei kjelde for møllesteinar som vart nytta i nokre av dei tidlegaste vasskvernene, som vart referert til av epigramdiktaren Antipater av Thessalonika i det 1. hundreåret fvt..[3]

Eit kurbad med svovelhaldig vatn aust for Páli var verdskjend dei første tiåra av 1900-talet.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Mandráki 660
Páli 239
Nikiá 61
Emboriós 27
Jyalí 21

Småøyar i kommunen:

  • Jyalí (21)
  • Ájos Andónios (0)
  • Strongýli (0)
  • Kandelioússa (0)
  • Pakhiá (0)
  • Pergoússa (0)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2011, revidert
  2. Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     
  3. M. J. T. Lewis, Millstone and Hammer: the origins of water power (University of Hull Press 1997), pp. vii 66-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Nisyros frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Globalt vulkanismeprosjekt: Nisyros Arkivert 2007-07-15 ved Wayback Machine.
  • Volcano World: Nisyros Arkivert 2008-07-05 ved Wayback Machine.