OGAE Second Chance Contest 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
'
Dato
Vertskap
Stad Ljubljana i Slovenia
Deltakarar
Deltakarland 20
Debuterte Serbia
Attende Estland
Frankrike
Spania
Trekte seg Belgia
Finland
Moldova
Serbia og Montenegro
Vinnar
OGAE Second Chance Contest
OGAE Second Chance Contest 2006 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg OGAE Second Chance Contest 2008

OGAE Second Chance Contest 2007 (OGAE SCC 2007) var den tjuefyrste gongen OGAE Second Chance Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Ljubljana i Slovenia, etter at Slovenia vann tevlinga i 2006, med songen «Mandoline» av Saša Lendero.[1]

For å kunne deltake i OGAE Second Chance Contest 2007, måtte ein ha delteke i ein av dei nasjonale finalane i Eurovision Song Contest 2007; men om eit bidrag hadde vunne ein nasjonal finale, kunne ikkje bidraget deltake i OGAE Second Chance Contest.

Tjue land deltok i tevlinga. Opprinneleg skulle tjueto land deltake i tevlinga, deriblant Finland og Moldova i Eurovision Song Contest. Moldova vart tvungen til å trekkje seg frå tevlinga, sidan opptak frå deira nasjonale finale ikkje var tilgjengeleg. Finland vart diskvalifisert frå tevlinga, etter at OGAE Finland vart utvist frå OGAE 17. september 2007. Dimed kunne ikkje deira bidrag deltake i tevlinga.[2] Serbia deltok for fyrste gong som sjølvstendig nasjon i OGAE Second Chance Contest, medan Estland, Frankrike og Spania returnerte til tevlinga. Belgia og Serbia og Montenegro, som deltok i 2006, deltok ikkje i 2007-utgåva av OGAE Second Chance Contest.[1]

Sverige vann OGAE Second Chance Contest for ellevte gong, med songen «Cara Mia» av Måns Zelmerlöw.[3]

Bidraga[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land[3] Artist Song Språk Plass Poeng Nasjonal finale
Plass
01 Irland Dervish «Until We Meet Again» Engelsk 16 17 2
02 Slovenia Eva Černe «Čudeži smehljaja» Slovensk 10 58 2
03 Malta Klinsmann Coleiro «She Gives Me Wings» Engelsk 15 22 3
04 Makedonia Tamara Todevska «Kaži koj si ti» Makedonsk 17 12 2
05 Kroatia Ivana Radovniković «Samo probaj» Kroatisk 17 12 14 (SF1)
06 Hellas Tamta «With Love» Engelsk og gresk 6 114 3
07 Storbritannia Cyndi Almouzni «I'll Leave My Heart» Engelsk 2 180 2
08 Polen Charizma «Emily» Engelsk 11 57 5
09 Portugal TribUrbana «Dá-me a Lua» Portugisisk 20 3 4
10 Danmark Me & My «Two Are Stronger Than One» Engelsk 5 124 6
11 Frankrike Medi-T «On and On» Fransk og engelsk 8 84 2
12 Israel Teapacks «Twelve Points» Hebraisk og engelsk 19 8 Uplassert
13 Tyskland Monrose «Even Heaven Cries» Engelsk 4 168 2
14 Nederland Edsilia Rombley «Een keer meer dan jij» Nederlandsk 9 59 2
15 Serbia Slobodan Trkulja og Balkanopolis «Nebo» Serbisk 14 29 2
16 Ukraina Jevgenija Vlasova «I Will Be» Engelsk 7 107 2
17 Estland Koit Toome «Veidi veel» Estisk 12 50 10
18 Spania Mirela «La reina de la noche» Spansk og engelsk 3 172 2
19 Noreg Crash! «Wannabe» Engelsk 13 38 3
20 Sverige Måns Zelmerlöw «Cara Mia» Engelsk og italiensk 1 252 3
N/A Finland Johanna Kurkela «Olet uneni kaunein» Finsk N/A 6
N/A Moldova Olia Tira «Your Place or Mine?» Engelsk N/A 3

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «OGAE Second Chance Contest 2007». ESCGermany.de. Henta 16. desember 2008. 
  2. «OGAE Second Chance Contest 2007». 
  3. 3,0 3,1 «Sweden won OGAE second chance contest». ESCToday.com. Henta 2007-10-101.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]