OPP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

OPP er ei lokalavis som kjem ut kvar fredag på Oppdal i Trøndelag. Avisa kom ut første gong 19. desember 2002. Dekningsområdet er Oppdal kommune.

I 2003 vann avisa gull i Årets avisside, medan avisa dei to neste åra fekk bronse. Avisa fekk den regionale utmerkinga «Beste lokalavis» i 2004.

Avisa blir utgitt av Mediehuset OPP, som òg driv nettstaden opp.no og nærradioen Radio E6. Mediehuset gir òg ut bøker. I 2004 kom "40 turer i Oppdal", av Jon Strand og i 2007 kom nyutgivinga av ordboka Oppdaling, av Ingeborg Donali.

Ansvarleg redaktør er Per Roar Bekken.

Opplag[endre | endre wikiteksten]

Offisielle opplagstal for OPP[1] Utvikling i nettoopplag.

År Nettoopplag

2004 2 019

  • 2003: 1 665
  • 2005: 2 100
  • 2006: 2 203
  • 2007: 2 329
  • 2008: 2 329
  • 2009: 2 327
  • 2010: 2 336

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&queryID=190&aspekt=nyheter

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]