OSV-språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

OSV-språk, eller Objekt-Subjekt-Verb-språk, er innanfor lingvistisk typologi gruppa av språk som i nøytrale setningar har objekt, subjekt og verb i nett den rekkjefølgja. Fisk eg et (for «Eg et fisk») ville ha vore ei OSV-setning på norsk.

OSV er ein av dei sjeldne basisordstillingsmønstra. OSV har vorte funne i ein del språk i Brasil, xavante, jamamadi, apurina, kayabí og nadëb.