O Jesu Christ, meins Lebens Licht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 27. oktober 2010 kl. 22:40 av 85.167.164.48 (diskusjon)
O Jesu Christ, mein’s Lebens Licht
BWV 118
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1736-1737
Urframføring1736-1737
Publiseringsdato1876
Typisk lengd23:36
Satsar/akter9

O Jesu Christ, mein’s Lebens Licht, BWV 118, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1736-1737 for ei gravferd. Han vart kanskje framført på ny i 1746-1747, då i ei litt anna utgåve.

Teksten er kanskje skriven av Martin Behm. Koraltemaet er basert på salmen «Herr Jesu Christ, meins Lebens Licht». Denne melodien er basert på den verdslege songe «Ich fahr dahin, wann es muß sein». Denne songen finn ein i Wolflin Lochamer si samling Liederbuch, trykt i Nürnberg kring 1455. Han vart seinare knytt med til «Herr Jesu Christ, wahr Mensch und Gott» med ein annan koraltekst. Denne kjende koralteksten vart nytta av Bach, men ikkje melodien.

Instrumentering og struktur

Den første utgåva av stykket er instrumentert for to trompetar, zinke, tre trombonar, orgel. Den andre utgåva vart instrumentert for to trompetar, strykarar, orgel continuo. Begge med tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av ni satsar:

  1. «Preise Jerusalem, den Herrn», Koral
  2. «Gesegnet Land! glucksel'ge Stadt!», Resitativ
  3. «Wohl dir, wohl dir, du Volk der Linden», Arie for tenor
  4. «So herrlich stehst du, liebe Stadt», Resitativ for bass
  5. «Die Obrigkeit ist Gottes Gabe», Arie for alt
  6. «Nun! wir erkennen es und bringen dir», Resitativ for sopran
  7. «Der Herr hat Gut's an uns getan», Koral
  8. «Zuletzt! Da du uns, Herr, zu deinem Volk gesetzt», Resitativ for alt
  9. «Hilf deinem Volk, Herr Jesu Christ», Koral

Kjelder

Bakgrunnsstoff