Ob-ugriske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ob-ugriske språk
Klassifisering: Ugrisk ?
Område: Sentrale Russland
Glottolog: none

Dei ob-ugriske språka, mansisk og khantisk, er ei undergruppe av uralske språk. Tradisjonelt vart dei i lag med ungarsk sett på som den ugriske greina av den finsk-ugriske språkfamilien. Nyare forsking ser på ob-ugrisk som den eine greina av dei uralske språka, nemleg dei ugro-samojediske språka (i lag med ungarsk og samojedisk), der den andre greina er dei finskpermiske språka.

Obugrisk vert i dag snakka i områda mellom Uralfjella og elvene Ob og Irtysj i Russland. Skogane og skogssteppene i det sørlege Uralområdet vert rekna som det opphavlege området for den obugriske språkgruppa. Frå og med for kring 500 år sidan vandra russararane inni Sibir og trengde dei ugrisktalande folka austover til Ob og Irtysj. Visse talarar av ob-ugriska språk fanst igjen vest for Uralfjella fram til så seint som byrjinga av 1900-talet.[1] Sjølv om språka er i slekt med ungarsk er denne slektskapen fjern og dei skil seg radikalt frå kvarandre i fonologi, syntaks og ordforråd. Grunnen til at ideen om ein eigen ugrisk språkfamilie er oppgjeve er framfor alt at det har vore umogleg å rekonstruere eit ugrisk urspråk. Khantisk og mansisk er på andre sida nært i slekt med kvarandre, men dei er ikkje forståelege seg i mellom. Dei ob-ugriske språka vart seinare sterkt influerte av dei tyrkiske språka som blir snakka i nærleiken, særleg av tatarisk.[2] Fram til 1930-talet hadde desse språka ingen skriftlege tradisjonar. Dei vart skriftfesta med det latinske alfabetet i åra fram mot 1937, men frå og med 1937 har variantar av det kyrilliske alfabetet vorte nytta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Patton, Laurie L; Bryant, Edwin (2005). Indo-Aryan Controversy: Evidence and Inference in Indian History. Routledge (UK). ISBN 0-7007-1462-6. S. 110, oppgjeve i Engelsk Wikipedia.
  2. Greller, Wolfgang (April 1, 2000). Encyclopedia of the Languages of Europe. Blackwell Publishing. ISBN 0-631-22039-9. S. 478, oppgjeve i Engelsk Wikipedia.