Oban
Utsjånad
(Omdirigert frå Oban i Skottland)
- For busetjinga på New Zealand, sjå Oban på New Zealand.
| Oban | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Argyll and Bute | ||
| Folketal | 8 575 (31. desember 2011) | ||
| Postnummer | PA34 | ||
| Retningsnummer | 0 1631 | ||
![]() Oban i Skottland 56°24′35″N 5°28′21″W / 56.409722222222°N 5.4725°W | |||
| Wikimedia Commons: Oban | |||
Oban (An t-Òban på skotsk-gælisk, som tyder «Den vesle bukta») er ein by i regionen Argyll and Bute i Skottland. Han har kring 8 500 innbyggjarar.
Sjølv om staden er av audmjuk storleik, er det den største byen mellom Helensburgh og Fort William. I turistsesongen aukar innbyggjartalet til byen til over 25 000 menneske.[1] Oban ligg vent til ved Firth of Lorn, med utsikt til øyane Kerrera og Lismore. Turistattraksjonar i Oban inkluderer The Waterfront Centre, St. Columba-katedralen, Oban-destilleriet, Dunollie Castle, Dunstaffnage Castle og McCaig's Tower.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Argyll and Bute – Earra-Ghàidheal agus Bòd». BBC. Henta 22. april 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Oban» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2011.
