Obligat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Obbligato)

Obligat (italiensk obbligato) er eit omgrep som tyder forplikta, bunden eller naudsynt. I musikk tyder det som regel at det ei stemme eller eit instrument i eit ensemble som ikkje skal utelatast. Dette kan tyde at ein passasje skal spelast nøyaktig slik han er skriven, eller berre av det spesifiserte instrumentet utan endringar eller utelatingar.

Det motsette tilfellet er ad libitum, som i denne samanhengen tyder at stemma er valfri.

Merk derimot at i visse tilfelle vert omgrepet nytta heilt motsett, om ei stemme som kan utelatast, til dømes obligatfiolin.

Obligat akkompagnement[endre | endre wikiteksten]

Eit obligat akkompagnement er sin satsteknikk utvikla under wienerklassisismen der eit karakteristisk utforma akkompagnement er integrert med hovudstemma og dannar ein kompositorisk heilskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]