Obdulio Varela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Obdulio Varela


Statsborgarskap Uruguay
Fødd 20. september 1917
Montevideo
Død

2. august 1996 (78 år)
Montevideo

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1954, VM i fotball 1950, Copa América 1942, Copa América 1945, Copa América 1946

Obdulio Jacinto Muiños Varela (20. september 19172. august 1996) var ein uruguayansk fotballspelar frå Montevideo. Han var ein av dei aller beste klassiske senterhalfane i verda, framifrå i forsvar og seig i kamp, kaptein på Uruguay sitt landslag som vann verdsmeisterskapen 1950 i Brasil. Grunna si mørke hud og evne til leiarskap gjekk Varela under tilnamnet «El Negro Jefe», den svarte sjefen.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Varela byrja spele i fyrste divisjon i Uruguay då han i 1938 melde overgang til Montevideo Wanderers. Fem år seinare gjekk han over til CA Peñarol, ein klubb han spelte på til han la opp i 1955. Med Peñarol vann han seks seriemeisterskap.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Uruguay sitt vinnarlag under Fotball-VM 1950 med Varela ståande lengst til venstre

Varela fekk sin landslagsdebut i 1939 borte mot Peru i Lima. Tre år seinare var han med då Uruguay gjekk til topps i Copa America etter å ha vunne alle seks kampane mot dei seks andre deltakarlanda. Fram til og med verdsmeisterskapen i Sveits i 1954 spelte han 45 landskampar for Uruguay og skåra ni mål. Han vert særleg hugsa for den avgjerande kampen under VM i fotball 1950 mot vertslandet Brasil, ein kamp Uruguay måtte vinne om laget skulle ta VM-pokalen, for Brasil var det nok med eit uavgjort-resultat. Før kampen sa Varela til lagkameratane at dei måtte sjå på tribunane som tre, dei måtte einast bry seg om dei 11 spelarane til motstandarlaget. Etter Brasil tok leiinga 1-0 tidleg i den andre omgangen drygde han ut tida, slik at jubelen hadde lagt seg då dommaren fekk sett i gang kampen att. Uruguay byrja angripe og etter Juan Alberto Schiaffino utlikna vart brasilianarane nervøse. Ni minuttar før slutt skåra Alcides Ghiggia for Uruguay som dermed vann Jues Rimet-pokalen. Varela vart skadd under VM 1954 og var ikkje med då Uruguay tapte semifinalen mot Ungarn med 2-4 etter ekstraomgangar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1950 for Uruguay
  • Vinnar av Copa América: 1942 for Uruguay
  • Uruguayansk seriemeister: 1944, 1945, 1949, 1951, 1953 and 1954 med Peñarol

Kjelder[endre | endre wikiteksten]