Oberndorf bei Salzburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oberndorf

Oberndorf bei Salzburg er ein by og ein kommune i Distriktet Salzburg-Umgebung i Forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 4,54 km² og i kring 5 500 ibuarar. Oberndorf ligg på austbreidda av elva Salzach, 401 meter over havet og 17 km nord om byen Salzburg.

Oberndorf er særleg kjend som staden der salmen «Stille Nacht» («Glade jul») vart framført fyrste gongen julekvelden 1818. Kyrkja der urframføringa fann stad er riven, etter ho var utsett for skadeflaumar i 1890-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]