Oberstløytnant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oberstløytnant (av oberst og løytnant, «den øvste sin avløysar») er ei høgare offisersgrad som finst i dei fleste land i verda, plassert under oberst og over major. Grada blir brukt i hær og luftforsvar, men ikkje i marine. På tysk blir grada kalla Oberstleutnant, på fransk Lieutenant-colonel og på engelsk Lieutenant Colonel.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Grada blir tildet leiarar for mindre militære einingar, så som stasjonssjefar i Luftforsvaret). Bataljonssjefar er også som regel oberstløytnantar. Symbolet for graden oberstløytnant er to stjerner mellom to striper. Graden tilsvarar kommandørkaptein i Sjøforsvaret.