Observatoriet i Oslo

Koordinatar: 59°54′46.098″N 10°43′4.5300″E / 59.91280500°N 10.717925000°E / 59.91280500; 10.717925000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Observatoriet i Oslo

ArkitektChristian H. Grosch
StilEmpirestil
Kart
Observatoriet i Oslo
59°54′46″N 10°43′05″E / 59.912805°N 10.717925°E / 59.912805; 10.717925

59°54′46.098″N 10°43′4.5300″E / 59.91280500°N 10.717925000°E / 59.91280500; 10.717925000 Observatoriet i Oslo, eigentleg Det astronomiske observatorium, er eit observatorium tilknytt Universitetet i Oslo. Det ligg i nærleiken av Solli plass i Oslo og har adressa Observatoriegata 1.

Bygningen er bygd i pussa teglstein i åra 1831–1833 etter teikningar av arkitekt Christian H. Grosch, og er den eldste bygningen som vart reist for Universitetet i Oslo (UiO). Fram til 1935 var bygningen utstyrt og nytta som observatorium for astronomisk forsking, seinare har han vore teke i bruk til andre føremål. Mellom anna hadde Senter for Ibsen-studier tilhald her i åra 2000-2010. I høve 200-årsjubileet for Universitetet i Oslo vart bygningen restaurert og omgjort til realfagsenter for skuleelevar i Oslo-området. Alle instrumenta vart tilbakeført etter å ha vorte konservert ved Norsk Teknisk Museum i 2010-2011.

Peter Frederik Wergmanns framstilling av «Det astronomiske observatorium». Bildet tilhøyrer Oslo Museum.
Siktemerket på Lindøya vart sett opp av astronomen Christopher Hansteen i 1833
Foto: Helge Høifødt

Observatoriet har vore viktig for kartlegginga av Noreg. Ein bautaliknande liten steinvarde med jarnkross i toppen vart sett opp i 1833 på Lindøya i Indre Oslofjord i ei fri siktline frå Observatoriet for å finne ut så nøye som råd var den austlege lengdegraden for Christiania (Oslo), og dette siktemerket står framleis. Og den såkalla Oslomeridianen, ein lokal nullmeridian som vart nytta frå 1948 i samband med kartlegging og oppmåling av Noreg etter det såkalla System ngo 1948, men seinare teke ut or bruk, vart lagt gjennom Observatoriet. I 1865 hadde ein klart å fastsetje at Observatoriet i Oslo låg 10º 43'22.5" (10 gradar, 43 minutt og 22,5 sekund) aust for Greenwich-observatoriet i London i England, som er staden der den internasjonalt vedtekne nullmeridianen går gjennom.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]