Occasional Rain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Occasional Rain
Studioalbum av Terry Callier
Utgjeve 5. mai 1972
Studio Ter Mar Studios
Sjanger Soul
Selskap Cadet
Produsent Samuel Charters
Terry Callier-kronologi
The New Folk Sound of Terry Callier
(1968)
Occasional Rain What Color Is Love
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]

Occasional Rain er det andre studioalbumet til den amerikanske visesongaren Terry Callier, gjeve ut i 1972.

Det var det første av tre album Callier gav ut for Cadet Records i 1970-åra med produsenten Charles Stepney. Åtte år tidlegare hadde Callier spelte inn eit visealbum med coverlåtar, men det vart først gjeve ut i 1968 og selde dårleg, sidan visebølgja då hadde lagt seg.[1] I mellom tida spelte Callier på kafear og små klubbar kring i landet, og skreiv songar for andre artistar. Han og partneren Larry Wade skreiv songar for Chess og etiketten deira Cadet, inkludert The Dells-hitten «The Love We Had Stays on My Mind» i 1972. Som følgje av dette fekk han sjølv platekontrakt med Cadet som visesongar.

Occasional Rain er spelt inn som ein suite, men er ikkje heilt eit konseptalbum heller.[1] Mellom fleire av songane finst følgjer, små overgangar som alle heiter «Go Head On». Desse tonar inn og ut forskjellige stader på plata. Stepney sette saman eit band leia av den akustiske gitaren til Callier, med seg sjølv på cembalo og orgel, Leonard Pirani på piano, Sydney Simms på bass og Bob Crowder på trommer. I tillegg syng Minnie Ripperton, Kitty Haywood og Shirley Wahls korvokal.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Terry Callier, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Segue #1 - Go Head On»   0:38
2. «Ordinary Joe» (Larry Wade, Terry Callier) 4:19
3. «Golden Circle #317»   3:33
4. «Segue #5 - Go Head On»   0:38
5. «Trance on Sedgewick Street»   6:17
6. «Do You Finally Need a Friend» (Chas. Jones, Carry Wade, Terry Callier) 5:42
Side to
# Tittel Lengd
7. «Segue #4 - Go Head On»   0:38
8. «Sweet Edie-D»   5:00
9. «Occasional Rain»   4:03
10. «Segue #2 - Go Head On»   0:38
11. «Blues For Marcus»   3:29
12. «Lean On Me»   6:28
13. «Last Segue - Go Head On»   0:38

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk
  • Charles Stepney - produsent
  • Gary Starr - lydteknikar
  • Michael Mendel - kunstnarisk leiar, fotografi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jurek, Thom. Occasional RainAllmusic