Oceanic av Vangelis
| Oceanic Studioalbum av Vangelis | ||
| Utgjeve | 1996 | |
| Sjanger | Electronica | |
| Lengd | 50:41 | |
| Selskap | Atlantic (U.S.A.) / WEA (Europe) | |
| Produsent | Vangelis | |
| Vangelis-kronologi | ||
|---|---|---|
| Foros Timis Ston Greco (1995) |
Oceanic | Portraits (So Long Ago, So Clear) (1996)
|
| Meldingar | |
|---|---|
| Karakter | |
| Kjelde | Karakter |
| Allmusic | |
Oceanic er eit studioalbum frå 1996 av den greske musikaren Vangelis. Det vart gjeve ut i Europa den 25. oktober 1996 og i USA i januar 1997. Ein singel med songen «Song of the Seas» vart gjeven ut samstundes. Albumet er ein ode til havet og vart visstnok skriven og innspelt i strandhuset til Vangelis i Hellas. Det er eit roleg album med lydar av bølgjer og vatn.[2] I følgje plateselskapet East West var musikken opphavleg skriven for eit dokumentarprosjekt om kvalar.[2]
Vangelis var personleg involvert i utforminga av plateomslaget, slika han var seint i 70-åra og tidleg i 80-åra. På slutten av teksten i CD-heftet er det referansar til filmane Million Dollar Mermaid og Footlight Parade. Desse var truleg inspirasjonskjelder for Vangelis. Albumet viste seg å vere «for lett» for mange eldre fans, som føretrekte Vangelis sine røter i progressiv musikk, men fans av New Age tok i mot albumet med opne armar.
Musikken på Oceanic vart nytta i ein dokumentar frå 1998 kalla «Deep Sea, Deep Secrets» av The Learning Channel og Discovery Channel, i lag med musikk frå det førre Vangelis-albumet, Voices.
Oceanic vart nominert til Grammyprisen for beste New Age-album i 1997, men tapte for Enya.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]All musikk komponert av Vangelis
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Bon Voyage» | 2:33 |
| 2. | «Sirens' Whispering» | 7:59 |
| 3. | «Dreams of Surf» | 2:43 |
| 4. | «Spanish Harbour» | 6:42 |
| 5. | «Islands of the Orient» | 7:24 |
| 6. | «Fields of Coral» | 7:44 |
| 7. | «Aquatic Dance» | 3:44 |
| 8. | «Memories of Blue» | 5:40 |
| 9. | «Song of the Seas» | 6:12 |
Lister
[endre | endre wikiteksten]| Liste (1996) | Plassering |
|---|---|
| Austerrike | 22 |
| Frankrike | 29 |
| Sveits | 37 |
| Sverige | 60 |
| Tyskland | 87 |
| Nederland | 98 |
| Ungarn[3] | 6 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oceanic (Vangelis album)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allender, Mark W.B. «Review: Oceanic». Rovi Corporation. Henta 27 October 2010.
- 1 2 Elsewhere
- ↑ Mahasz[daud lenkje]