Ockelbo

Koordinatar: 60°53′24.738″N 16°43′3.9288″E / 60.89020500°N 16.717758000°E / 60.89020500; 16.717758000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°53′24.738″N 16°43′3.9288″E / 60.89020500°N 16.717758000°E / 60.89020500; 16.717758000

Ockelbo jernbanestasjon

Ockelbo er ein svensk tettstad i Gävleborgs län i Gästrikland, 30 km nordvest for Gävle. Han er administrasjonssentrum til Ockelbo kommune og i 2011 budde det 2 724 innbyggjarar der.

Det er registrert ca. 150 fornminne i Ockelbo, blant anna nokre steinalderbosetninger. Dei fleste er likevel graver frå den yngre jernalderen.

På 1200-talet vart det bygd ei kyrkje i romansk stil i Ockelbo. Det vart oppført ei ny kyrkje i 1791–93. Denne kyrkja vart totaløydelagt av brann i 1904. I 1906–08 vart det oppført ei ny kyrkje etter teikningar av arkitekt Gustaf Améen, prega av nybarokk.

I Ockelbo er Ockelbo Marknad vorte halde to gonger i året sidan 1981. På staden har ein produsert både snøscooterar og båtar av merket Ockelbo.

Basketballaget frå staden, Ockelbo Basket, har spelt i den øvste divisjonen i Sverige, men vart degradert til ein lågare divisjon på grunn av økonomiske problem.

Kjende personar frå Ockelbo[endre | endre wikiteksten]