Oda Krohg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oda Lasson)
Gå til: navigering, søk
Oda Krohg
Oda Krohg, f. Lasson OB.NW4302.jpg
Fødd 11. juni 1860
Åsgårdstrand
Død

19. oktober 1935
Oslo

Portrett av Oda Krohg, måla av Christian Krohg. Biletet heng i Nasjonalgalleriet i Oslo.

Oda Krohg (11. juni 186019. oktober 1935) var ein norsk kunstmålar. Før ho gifta seg heitte ho Oda (Døpt Othilia Pauline Christine) Lasson. Ho var syster av revysongarinna Bokken Lasson.

Ho var leiande av kvinnene i Kristianiabohemen, ei kortvarig kulturpolitisk rørsle på 1880- og 90-talet. Hans Jæger vart rekna som leiar for bohemgruppa.

Oda gifta seg med forretningsmannen Jørgen Engelhardt i 1881 og fekk to barn med han, før ho flytte frå han i 1883. Ho skilde seg formelt i 1888. Kring 1885 vart ho elev av Erik Werenskiold og Christian Krohg. Ho gifta seg med Krogh i 1888, og fekk to barn med han, Nana og Per.

Oda Krohg er kjend for sine landskapsbilete, mellom anna «Sommernatt ved Kristianiafjorden» (1886), «Japansk lykt» (ca. 1887) og «Kinesisk lykt» (1889). Ho måla òg portrett av mellom anna Aasta Hansteen, Ivar Arosenius, Gunnar Heiberg og Christian Krohg.

I boka Syk Kjærlighet frå (1893) skildra Hans Jæger eit trekant-tilhøve, der Jæger hadde sterk kjærleik til ei kvinne som skulle gifta seg med ein målar. Oda Lasson skal vera modell for denne kvinna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oda Krohg

Litteratur[endre | endre wikiteksten]