Odals Værk

Koordinatar: 60°15′03″N 11°51′51″E / 60.25085°N 11.86414°E / 60.25085; 11.86414
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°15′03″N 11°51′51″E / 60.25085°N 11.86414°E / 60.25085; 11.86414

Hovudbygningen
Nordre murbygning
Søndre murbygning

Odals Værk er ein jord- og skogbrukseigedom i Sør-Odal kommune i Innlandet. Eigedommen utgjer 900 dekar jord og 35 000 dekar skog.

Verket blei starta som industriverksemd i 1708 etter at svenske Lars Robsahm på midten av 1690-talet fann jernmalm i grunnen på garden Vallstad, der Odals Værk ligg i dag, og utnytta fossekrafta for å drive jernverk med stangjernshammar. Jernverksdrifta hadde vekslande hell, men fekk ein ny start i 1739 takka vere eit nytt malmfunn ved Spetalen i Vinger, økonomiske oppgangstider og statlege privilegium. Privilegia innebar mellom anna at Odals Værk kunna pålegge bøndene innanfor ein avstand på inntil  fire mil frå verket å bringe trekol mot rimeleg betaling, og at ingen sagbruk i dette området kunne produsera trelast anna enn til eige bruk.

Jernverksdrifta nådde høgdepunktet under Iver H. Neumann, som eigde bedrifta 17641823 (fram til 1774 saman med broren Jacob). Eigedommen voks i og med at Neumann kjøpte opp fleire av nabogardane for å sikra produksjon av mat for tilsette og buande, tømmer/trekol til jernverksdrifta og betre kontroll over vassdraget ned mot Glåma.

Jernmalm blei henta frå myrer og gruver på eigen eigedom, frå gruver på Ramsøya i Kongsvinger, frå Spetalen i Kongsvinger, frå botnen av Storsjøen og frå gruver i Trauten i Nord-Odal. Jernverksdrifta gjekk dårlegare frå Napoleonskrigane og utover, på grunn av bortfall av statlege privilegium og hardare konkurranse frå svenske og britiske jernverk. Jernverket blei endeleg nedlagt i 1835.[1]

Elles har verksemda omfatta sagbruk, teglverk, bryggeri og frørenseri, og i alle tilfella nytta ein maskineri drive av fossekraft. Eit moderne sagbruk blei bygd på 1950-talet, og nedlagt i 1984. Etter dette har det ikkje vore noko industriverksemd på Odals Værk. I nokre av husa er det sidan drive kulturverksemd, slik som kunstutstillingar med mellom anna Kåre Tveter og Arne Durban. I 1868 blei Odals Værk kjøpt opp av ei gruppe forretningsmenn frå Elverum, blant dei Helge Berger og Henrik Opsahl. I dag eig etterkomarane deira Odals Værk som eit aksjeselskap.

Odals Værk har i dag sju freda bygningar. Den viktigaste av dei er hovudbygningen oppført av Iver Neumann i 1767. Huset blei teikna av Brede Rantzau og blir rekna som eitt av hovudverka i norsk rokokkoarkitektur frå 1700-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Odals Verk - Historien», www.odalsverk.no, henta 26. oktober 2022 [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]